Hjem
Sveitte for Afrika PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Kjersti Ofte Jakobsen og Torgeir Henden   

img_0771Som dei fleste i  SKRIKS nå burde ha fått med seg, har den globale fløya vår eit bistandsprosjekt i Moshi i Tanzania. Små og store afrikanarar får støtte og hjelp til å halde på med viktige ting som idrett, tru og kamp mot HIV og aids. Kvar sommar kjem ein liten, men særs inspirerande gjeng med bleike nordmenn – og kvinner på besøk, for å bidra og støtte dei lokale laga i Moshi. Men dette krev pengar, og ulike innsamlingsaktivitetar har blitt arrangert i løpet av året i regi CHRISC Stavanger og SKRIKS.


Korleis skal ein så samle inn pengar frå fattige student-krikarar i Stavanger? I ein internasjonal målestokk har me vel og merkje mykje pengar, men i det daglege livet i oljehovudstaden er det vel ikkje all verdens gryn som kan unnverast. Likevel er det noko me i Student-KRIK har mykje av og som me er veldig flinke til å dele: Sveitte. Så kvifor ikkje sveitte litt til inntekt for Tanzania, ved hjelp av eit misjonsløp rundt Breiavatnet i sentrum?

img_0739Laurdag 31. mai var den store dagen, og midt i intens eksamensførebuing og andre freistande aktivitetar var me ein god gjeng som stilte opp laurdags morgon. For å vise Stavanger kva det heile dreia seg om, blei store CHRISC-banneret hengd opp og me kledde oss i CHRISC t-skjorter (med eit par unntak i form av rosa topp og jærsk fotballdrakt). I steikande sol og joggesko var me 12 Moshihjelpande sprekingar som stilte opp på startlinja, meir eller mindre klare for å springe ein time rundt vatnet mellom shoppande siddisar og tørste turistar.

Det tok ikkje lange stunda før me som sprang òg blei tørste. Ein treng ikkje dra til Tanzania for å kjenne sola steike og raudfargen breie seg i fjeset! Heldigvis var arrangørane av løpet førebudd på dette, og engasjera ikkje- løpande skriksarar stod klare med vatn for kvar gjennomførde runde.

img_0721Den sportslege prestasjonen var noko varierande, men beste kar sprang heile 19 rundar (!), noko som tilsvarar i overkant av 1,3 mil. Den kvinnelege rekorden blei 16 rundar. Innsats prega denne laurdagen uansett kva talet på rundar blei. Litt konkurranseinstinkt kjem så klart godt med når ein får inn pengar per runde, men som me veit er det mange delar som er viktige, alt frå vatnutdeling og løping til organisering og planlegging, og desse utfylde kvarandre like strålande som sola denne varme dagen.

Resultatet blei
for ein del av oss ganske så sveitt, men det var jammen verdt det: Ei inntekt på vel 30 000 norske kroner, vil vera med på å glede mange barn og unge under den steikande afrikanske sola, som tross alt er den same sola som me sveitta under på CHRISC-løpet ein tidleg sommardag i Stavanger.

 

sany0424.jpg

 

dscn8882.jpgMen ikke bare i Stavanger faktisk...i Oslo også. På Frogner Stadion hadde Aud Malene og Torgeir rigga seg opp i 27 grader varme. Det er ingen unnskyldning å være i en annen by. Den ene var litt mer klar for å løpe enn den andre. Audi hadde tatt på seg jobben som rundeteller og være vannstasjon, mens Torgeir skulle tjene penga ☺

 

 Med friskt mot startet han å løpe de 400 meters rundene, men fant fort ut at å løpe i så heftig varme, og uten hare eller noen å knives med ble han temmelig fort lei og sliten. Etter 5 runder løping gikk han så til rundeteller Audi og forhandlet frem en avtale.

dscn8887.jpgSitat Torgeir: ”Åååh...så tungt...e klare ikkje meir. E tar sykkelen. Audi, hvis e sykle 3 runder og de tilsvare en løperunde, e d greit eller?”

Audi tenker seg om...og vips så var Torgeir på sykkelen. Og han syklet og syklet. Hvor mange kunne han greie på 45 minutter? Jo. 42 runder. Det tilsvarer 42/3 = 14 løperunder + de 5 han løpte = 19 runder!
Torgeir var både sår her og der etter den travle formiddagen. Men med litt sol og sommer og KRIK Sommerfest i Oslo med både grillings, Slush-maskin og dans var alt i den skjønneste orden.

 
< Forrige   Neste >

Nyeste bilder



facebookBli fan på Facebook
twitter.jpgFølg oss på Twitter
flickr.jpgSe bilder på Flickr