|

Fredag
Tid: 20.00-22.00
Sted: Ynglingehallen ved Lassa skole i Stavanger.
Endelig er det helg, og kva er betre enn å starte helga med ei god balltrening i Ynglingehallen? Kvar fredag (med mindre anna er opplyst) har Student-KRIK Stavanger trening her kl 20-22.
Ynglingehallen er ein stor og god idrettshall som ligg nesten midt i Tjensvollkrysset. Her starter me helga med å møte opp til ei god oppvarming som er leda av treningsleiaren for kvelden! Her blir me leia ut på eit eventyr i leikar og "tevlingar" som gjer oss heite i toppen og klare for utfordringane som venter oss:) Deretter blir det ønska velkommen og me held ei avstemming om kva for idrettar me ynskjer å holde på med. Deretter fordeler me oss og sirkuset er i gong! Me driv som regel med dei "store" ballsportane som fotball, volleyball, innebandy og basket. I tillegg kan me "frike" ut og ha Frisbee eller "bompi-ball" som er ein fleire hundre år gamal idrett frå Suldal. Det er KFUM/KFUK som eig hallen og nokre fredagar leiger dei den ut til diverse andre klubbar og foreiningar. Me har desverre ikkje høgast prioritet. Me gir beskjed på treningane og på heimesida når hallen er opptatt.
Når klokka blir 2100 flyttar me oss i saman og har ein kort andakt + div. info om ting som skjer og som skal skje i Student-KRIK Stavanger. Deretter har me ei ny avstemming om kva for nokre sprell me har lyst til å gjere vidare, og me aktiviserer oss igjen fram til klokka blir 22.00. Deretter dreg me som regel på ein sosialkveld (sjå link for info) heime hjå ein av studentane som har ofra hybelen sin til horden av KRIKarar som kjem for å ete gulrot med dip, drikke saft og ha det kjekt med andre!
For å trene med Student-KRIK Stavanger i Ynglingehallen treng du berre å vere medlem hjå oss, og kome med treningsklær. Det stilles faktisk ingen andre kriterier til deg, så kom som du er! ALLE er velkomne!

Korleis finne fram til Ynglingehallen? Køyr til Tjensvollskrysset. Køyr slik at bilen peikar frå Nord (Haugesund, Bergen) mot Tjensvollkrysset. Ta av siste innkjørsla til høgre før sjølve krysset (rundkjøringa). Kjør inn denne vegen, ned bakken til høgre og så har du hallen foran deg! Når du går inn i hallen, gå ned trappa, finn deg ein passande garderobe, skift kler og bli med på treninga! Kartlink til Ynglingehallen
5 gode grunnar til å bli med på fredagstreninga:
1. Det er konge!
2. Beste måten å starte helga på!
3. Du treff masse andre mennesker som er kjempeglade for at du kjem, og kven vil vel ikkje glede andre?
4. Du får drive med idrett i kristen regi!
5. Du treff andre studentar og unge voksne som er ute etter å ha det sosialt og kjekt ein ellers grå fredagskveld!
6. "GIDD" å sitt hima!
Passar det betre på tirsdag kanskje? Sjekk ut TIRSDAGSTRENINGA!
Engasjer deg!
Har du lyst til å engasjere deg på treningane, komme med innspill eller til og med lede ei trening og to?? Meld deg inn i undergruppa. Denne treng alltids nye folk til å hjelpe seg med både det eine og det andre.
Ta kontakt med treningsleiar Rune Linnerud for meir info, for å komme med innspill eller gi ros til Rune:)
Håpar på å sjå nettopp DEG på fredagstrening til Student-KRIK Stavanger Link til Ynglingehallen

ADVARSEL!! Både engasjement, glede og utslitthet kan forekomme på fredagstrening med Student-KRIK Stavanger!
|